Aktuelt/Stortinget: «Solid norsk innsats snudde balansen i resolusjon om barnevern»

Stortinget: «Solid norsk innsats snudde balansen i resolusjon om barnevern»

29. Juni 2018
Stortinget: «Solid norsk innsats snudde balansen i resolusjon om barnevern»Ingjerd Schou (foto: PACE)

Under sommarsesjonen i Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) deltok fleire stortingsrepresentantar i debatten om barnevern og diskusjonen om riktig balanse mellom barnets beste og behovet for å halde familiar samla.

Innsatsen til den norske delegasjonen bidrog til å snu resolusjonens vektlegging av familien til å først og fremst vektlegge barnets beste.

Rapporten og resolusjonen som var forfatta av rapportør Valeriou Ghiletchi, diskuterte omsorgsovertaking og europeisk barnevern sin innsats på dette området. Rapportøren var kritisk til det han såg som ein tendens til for lite omsyn til familien og innsats for å halde familiar samla i slike saker.

– Resolusjonen inneheld mange viktige punkt som også er reflektert i vår barnevernsreform, men det var viktig for delegasjonen å styrke prinsippet om at ei vurdering av kva som er barnets beste til ei kvar tid må kome først, også i forhold til spørsmålet om å halde familiar samla, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Stortinget: «Solid norsk innsats snudde balansen i resolusjon om barnevern»Emilie Enger Mehl. Foto: Stortinget.

– Ingen ønskjer å i utgangspunktet splitte familiar, men samstundes veit vi at i enkelte tilfelle er det dessverre slik at det er til det beste for eit barn å bli tatt ut av familien enten midlertidig eller for godt. I resolusjonens første utkast var det eit klart ønskje om å innskrenke denne muligheita ytterlegare i forhold til det som er tilfellet i dag. Omsorgsovertaking skjer allereie i dag i svært få, og bare i dei vanskelegaste tilfella.  Det var viktig for den norske delegasjonen ,og for mange andre som deltok i debatten, å snu resolusjonens ordlyd på dette område. Eg er glad for at vi lukkast med det,  seier Emilie Enger Mehl (Sp) som var den som presenterte og diskuterte dei norske endringsforslaga i debatten på vegne av delegasjonen.

Ingjerd Schou (H), Morten Wold (FrP), Lise Christoffersen (A) deltok også i debatten, og  anerkjente alle at også det norske barnevernet har utfordringar og kan bli betre på ulike områder.

 

 

Powered by Cornerstone